I dag har eg inntatt rolla som supermobbar. Eg har skrivi nynorskeksamen, og eg kjenner at eg er ganske lei heile skiten. I dagens stil var eg ei usikker, lita jente i tiande klasse, som i min higen etter popularitet, lagde en sang om veninna mi gjennom ni år. Ho vart så lei seg av all mobbinga at ho hoppa frå ei bru og tok sitt eiga liv. Etter det bestemte eg meg for å tilbringje resten av livet mitt som angrande.
Eg er ganske så takksam for at eg endeleg er ferdig med alt som heiter skriftleg eksamen. I to dagar har eg sitti å skrivi - fredag norsk hovudmål, mandag norsk sidemål. Dagens var som du sikkert har fått med deg på nynorsk. I tillegg har eg ete så masse godteri at eg snart blir den grisen som står og hylar mens månen lyser kvit. Eg spiste kake fredag, lørdag, søndag og måndag.
I går kveld satt eg å pugga verb og substantiv på rikskmål, og eg føler at eg kan det sånn nesten. Eg kan bøye dei fleste regelrette a- og e-verb averbo, og er ganske så stolt av det kan du tru. Ivar Aasen hadde vore stolt av meg. Dette blir truleg det einaste blogginnlegget på riksmål, siden det ikkje er den skrivinga eg beherskar best, det må eg berre beklage. Ein annan ting eg sikkert må beklage, er alle dei skrivefeila som sikkert har sneke seg inn i teksten allereie - eg har ikkje tilgang på noko ordliste her eg sitt.
La meg samtidig få uttrykke mi djupaste medføling til alle som enda ikkje har skrivi deira eksamen enda - dei heldige svina som trakk matte og engelsk. Lykkehelsningar til dem alle!
No skal eg rydde av bordet etter middag - eg har, tru det eller ei, laga taco på ein måndag. Eg burde ha vore i reklamen som tidenes supersøster, i staden for ho som liksom er supermora.
Resten av dagen skal eg bruke på å forsøkje å finne på kva eg skal halde foredrag på engelsk om: eg seier på forhånd takk til alle forslag!! Eg treng seriøst hjelp.
Eg vil avlutte heile greia med eit par kjærlege ord, får nesten litt poronvibbar av dei:
Eg hugleikar deg av heile mi blodpumpe, og eg ønskjar å trynsleike etarholet ditt med tungemuskelen min.
Fred og kjærleik, Åsa (& Ivar)
Btw..heiter ikkje spise på nynorsk men ete.. Så du åt nok kake fredag, lørdag, søndag og måndag! ;)
SvarSlett